Tilbake til søkeresultater

Topptur i Morgedal – Guidet vintertur kvar helg

Av Morgedal Aktiv

Tilgjengelig fra: januar - mars

Pris fra
NOK 1097
24 timer gratis kansellering
Lokal turisme
Direkte bekreftelse
Sikre betalinger
Neste tilgjengelige dato: 16 jan 2026

Bli med Morgedal Aktiv på ekte Telemark-opplevingar i skisportens vogge! Kvar laurdag og sundag frå 15. januar tilbyr vi guidede vinterturar med bål, kaffikoking, lokalhistorie og flotte naturopplevingar.

Opplev ekte Telemark-natur med Morgedal Aktiv! Med ein lokalkjent guide som deler både sanne og usanne historiar frå bygda, går vi til ein av toppane rundt Morgedal eller gjennom flotte skogsområde – alt etter snø- og vêrforhold. Turen er roleg, sosial og full av gode opplevingar.

Vi tek med kaffikjele og niste, og undervegs lagar vi bål og kosar oss med ein lun lunsj. Du vel sjølv om du vil gå på fjellski, toppturski, langrennski eller trugar. For dei som ønskjer ei heilt unik oppleving, kan vi òg stille med handlaga treski med moderne design og bindingar.

Turen passar for dei fleste med normal fysisk form og eit ønske om ei varm, humørfylt og uformell turoppleving i vinterfjellet. Dagen kan rundast av med spa og middag på Morgedal Hotell for dei som ønskjer det lille ekstra. Turar går kvar laurdag og sundag frå 15. januar, så lenge snøen ligg.

  • Lokalkjent guide med gode historiar og ekte Telemark-stemning
  • Bål, kaffikoking og lunsjpause i vakker vinternatur
  • Val mellom toppturski, fjellski, treski, langrenn eller trugar
  • Unike naturopplevingar i skisportens vogge, Morgedal
  • Passar for både nybyrjarar og erfarne turgåarar

Turen krev normal fysisk form og evne til å gå ute i vinterterreng. Minimumsalder 12 år. Kle deg etter vêr og forhold. Aktiviteten kan endrast eller avlysast ved dårleg vêr. 

Oppmøtestad blir oppgitt i bestillingsbekreftinga. Hugs å møte fram i god tid. Gi beskjed på førehand dersom du ønskjer å leige skiutstyr eller gå på trugar.

  • Lokalkjent turguide
  • Bål og lunsjpause
  • Kaffikoking
  • Tilrettelegging av rute etter forholda
  • Moglegheit for å leige skiutstyr (mot tillegg)
  • Du har rett til å få refundert hele bestillingsbeløpet hvis du avbestiller bestillingen din minst 24 timer før planlagte starttidspunkt.

Oppmøtepunkt

Morgedal Hotell, Haugivegen 4, 3848 Morgedal